FORSIDE

     ADMINISTRASJON

     VÅRE ARBEIDSOMRÅDER

     PRISER

     KONTAKT OSS



Sentral godkjenning
Våre arbeidsområder

Våre arbeidsområder

Tippbiler
Tippbilane utgjer ca 1/3 av bilparken til Nordhordland Transportkontor. Me disponerar bilar med frå 10 til 14 m3 kassar, ein del av bilane har også tipphengar og maskinhengar. Me har alle typar tippbilar frå 2 aksla bilar med aluminiumskasse til tandembilar med 14 m3 kassar berekna for tøff anleggskøyring. Tippbilane driv hovudsakleg med anleggsretta transport. Me tar alle typar oppdrag, frå mindre enkeltoppdrag til langsiktige kontrakter på større prosjekt.

Kranbilar
Me disponerer kranbilar frå 10 tonnmeter og oppover. Me utfører alle typar krantjenester, og kan tilby utstyr som vinsj, grabb, tømmerklo og mannskapskorg. Me har også utstyr for å løfte brakker og båtar. Alle våre kranbilsjåførar har lang erfaring, noko som er særs viktig når ein oppererer denne type utstyr.

Godsbilar
Våre godsbilar dekker dei fleste behov innanfor godstransport, frå våre små distribusjonsbilar til store vogntog. Me har opne planbilar, skapbilar, containerbilar, semiar og kjøl/frys.

Containerbilar / komprimatorbilar
Nordhordland Transportkontor har erfaring frå 1983 med transport av hushaldnings- og næ-ringsavfall. Forutan komprimatorbil disponerer me liftbilar / krokløftbilar for transport av containerar. Utleige av industricontainerar er også ein del av verksemda vår.
Til nokre av krokliftbilane har me også maskinflak som er svært godt egna til å transportere maskiner med vekt inntil 14 tonn.

Maskinutleige
Gravemaskin parken vår består av ca. 15 beltegravemaskiner frå 1,5 - 25 tonn. Til mange av desse har me også ein del ekstrautstyr bl.a. pusseskuff, slaghammar og klo.
Me har også ein del anna utstyr som hjullastarar, kantklippar og traktorar.

Entreprenør
Vår entreprenørvirksomhet innehar sentral godkjenning for ansvarsrett og kan ta på seg dei aller fleste typar oppdrag innanfor områda grunnarbeid og vegarbeid. Me kan også ta på oss ein del betongarbeid. Me anbefaler å ta ein titt på sidene prosjekter for å sjå kva typar arbeid me utfører